Margarinen, – ei ikkje så naudsynleg militær oppfinning.

(publisert i Bondebladet 2018)

På Eiffeltårnets fyrste avsats finn ein namna på syttito vitskapsmenn som var aktive i tida 1789-1889, mellom dei kjemikaren Michel Eugène Chevreul. Han vart 102 år gammal og døyde berre ei god veke etter at Gustave Eiffel hadde planta trikoloren på toppen av tornet, men det er ei anna historie.

I 1823 hadde Chevreul gjeve ut ei avhandling om syrene i feitt frå dyreskrottar, Recherches sur les corps gras d’origine animale. Her skreiv han om oljesyra og stearinsyra. Nokre år tidlegare hadde han også nemnt margarinsyra, eit perlande feitt som fekk namnet sitt nett på grunn av utsjånaden og det greske ordet margaron for perle. Seinare kom tyskaren Wilhelm Heinrich Heintz fram til at margarinsyra ikkje var ei eiga eining. Det var ei blanding av stearinsyre og palmitinsyre som til då ikkje var kjent.

Dette kunne ha vore slutet for margarinnemninga om det ikkje hadde vore for dei ambisiøse planane til ein ung mann med ein namngjeten onkel. Det er no ein kan leggje fram ei kontrafaktisk tese; hadde det ikkje vore for den franske revolusjonen hadde me ikkje hatt margarin i dag. Onkelen var Napoleon Bonaparte, den unge mannen var brorson hans, Louis Napoleon. Han var ein idealist som trudde på onkelens idear om ein sterk stat og at Frankrike kunne  få attende si rettmessige stilling i Europa, krossa som ho var etter Wienkongressen i 1815. Etter mange omvegar sit han som keisar i Frankrike. Han allierar seg med Storbritannia i Krimkrigen og hamnar på den vinnande sida. Nokre år seinare blei Frankrike drege inn i krigen mellom Austerrike og Preussen og det er no margarinnamnet kjem for dagen.  Ein armé sloss betre om han er mett. Sjøfolka også. Keisaren trong eitt billeg feitt som ikkje smeltar ved vanleg temperatur i felten og utlyste ei tevling om eit slikt produkt. Her er kvalitetskrava:

corps gras semblable au beurre, mais de prix inférieur, apte à se conserver longtemps sans s’altérer en gardant sa valeur nutritive ”.

Med andre ord eit smørliknande, billeg og næringsrikt stoff som held seg lenge.

I 1869 vart Hippolyte Mege Mouries kåra som vinnaren av tevlinga. Han tek patent på eit produkt laga av skumma mjølk og talg frå slakta dyr, helst storfe. Han blanda til nokre smakstoffer, som også finns i smør, og  ga det namnet oleomargarin, seinare bare margarin.  Det seies at Mouries spurde Chevreul om å få bruka namnet margarin på feittet sitt, og slik gjekk det at syra som ikkje finns blei knytt til eitt nytt matprodukt. Oppfinninga hjelpte ikkje krigslukka, men redda nok livet på mange i det beleira Paris i åra 1870-71. Litt seinare kosta eitt kilo ”Margarine Mouries” eller ”substitut du beurre” frå 2 til 2,5 franc, mens smøret låg på 7-8 franc. Og heldt seg mykje dårlegare.  ”Margarine Mouries” blei populært. Mouries solte patentet  for det nye feittproduktet til ein nederlandsk forretningsmann Antoon Jurgens. Hans fabrikk skulle seinare ble i ein del av Unilever, ein av verdas største feittprodusenter. Men før det skulle produksjonen endra seg dramatisk.  I staden for dyrefeitt vart ymse planteoljer tekne i bruk og seinare også marine oljer.  Det var berre eit problem, olja heldt seg flytande ved romtemperatur. Dei måtte herdas, og rundt hundre- årsskiftet  vart det utvikla  metodar for å herda planteoljer og fiskeoljer.

Flytande oljer vart fast feitt, og no var det fritt fram. Feittindustrien tok av, også i Noreg. Her hadde det starta allereie i 1876. Morgenbladet skreiv til dømes 19. desember same år: ”Vi have modtaget en Meddelelse om den nyanlagte Fabrik for Tilvirkning av Margarinsmør, det saakaldte kunstige eller franske Smør som vi antage kunde være af Interesse for vore Læsere, især for Husmødre.”

At margarinproduksjonen drog med seg ei langvarig konflikt med landbruket er ei anna historie. Men for kystnæringa vart margarinen god økonomi. No kunne kanskje historia ha enda her, men det skulle syne seg at alt feitt er ikkje eit feitt. Ved herdinga vart umetta feittsyrer endra til metta feitt, men også til umetta trans feittsyrer. Lenge trudde ein, eller ville ikkje tru anna, at alle umetta feittsyrer var sundare enn dei metta. Men mistrua mot dei umetta transfeittsyrene auka frå 1970-talet, og då nederlandske forskarar på slutet av 1980-talet byrja å forska nærare på korleis transfeittet påverka kroppen blei det klart at dei umetta transfeittsyrene var verre for hjartet enn dei metta feittsyrene. Nokre år seinare kom amerikanske studiar der ein skreiv at transfeittsyrene tok livet av fleire tusental amerikanarar kvart år. Ser ein på statistikken kan det synast som at margarinbruken og hjartesjukdomane følgde kvarandre gjennom det tjugande hundreåret. Jo meire margarin, jo meire hjarteinfarkt. No tyder ikkje statistisk samanheng på ein årsak og verknad, på same tid auka også tobakksrøykinga. Og kombinasjonen røyk og transfeittsyre var ei daudeleg blanding. Nederlandske kollegar har forsøkt å få fram kor mykje transfeitt det tidlegare var i margarinen og anna feitt frå Unilever, men har så langt ikkje lykkast. I dag er det ikkje mykje transfeitt i norsk kosthald. Litt får me frå meieriprodukta, i margarinen er den vekk. Men om dette perlande feittproduktet verkeleg var ein naudsynt matvare for andre enn dei militære, kan ein stille seg spørjande til.

Legg igjen en kommentar