Då Hitler ikkje møtte Churchill

Eit av Sir Winston Churchill meist særmerkte drag var ein ihuga antikommunisme. Politisk vandra han mellom det konservative og det liberale partiet, og i 1925 kom han inn i regjeringa til Stanley Baldwin.  Det var ei konservativ regjering som prøvde å retta opp igjen gullstandarden. Noko han seinare sa at han angra djupt på. Eit anna mistak var vørdnaden hans for Mussolini som han meinte hadde redda Italia frå øydeleggjande krefter og bygd eit bolverk mot kommunismen. Om det var antikommunismen som gjorde at han i april 1932 freista  møte Hitler i München veit me ikkje, men i boka til Hitlers nære medarbeidar, Ernst Hanfstaengel, Den ukjente Hitler, får me vita meir om det som ikkje hende, om møtet i april, som det aldri vart noko av.

Paul von Hindenburg, Rikspresident i Tyskland sidan 1925,  hadde vinna Rikspresidentvalget i mars 1932, men fekk ikkje absolutt fleirtal. Då vart det omkamp i april. Hindenburg fekk fleist røyster, og heldt fram som Rikspresident. Hitler vart skuffa og i dårleg humør. Han for attende til München, og det er no Ernst Hanfstaengel fortel at Winston Churchill kontakta han gjennom sonen Randolph for å invitera Hitler til aftans på Hotel Continental i Max Joseph Strasse, eit hotell som Hitler vitja nesten kvar dag.

Winston Churchill hadde gått ut av regjeringa i 1929, og brukte tida til å skriva Marlborough-biografien, noko som førte han til gamle slagmarker i Nederland og Tyskland. Hitler vart ikkje så oppglødd av invitasjonen som Hanfstaengel hadde trudd, han såg ikkje nokon grunn til at han skulle møta Winston Churchill. Dei hadde ikkje mykje å prata om, og Hitler kunne ikkje engelsk. Han la til at Churchill var for venleg mot franskmennene, noko som Hanfstaengel freista gå i mot, men det beit ikkje på Hitler. Han ville ikkje møta Churchill.

Trass det sa Hanfstaengel til Randolph Churchill at Hitler ville komma til selskapet etter at dei hadde eta aftans. Det var dekt eit bord til om lag ti gjestar. Middagen gjekk bra, og samtalen fløyt mellom storpolitikk, blant anna om eit felles forsvar-system mellom Frankrike, Tyskland og Storbritannia, og antisemittisme. Det skal ha vore Churchill som ymta frampå om det første. Han kalla det ein klubb, ikkje eit forbund. Hanfstaengel spurde om Italia skulle med. Nei, var svaret. Når ein klubb får for mange medlemmar så er det ingen klubb lenger.

Churchill skal også ha fått inn nokre setningar om at Hitler borda leggja bort antisemittismen. Sjølv skriv han at ein kan forstå at ein blir arg på dei som er i mot landet, men at det var meiningslaust å forfølgja folk for deira opphav. Han skal ha bede Hanfstaengel om å ge Hitler eit råd; at «antisemitism may be a good starter but it is a bad sticker». Hanfstaengel nemnde nok det for Hitler, for neste dag seier Churchill, kom Hanfstaengel og sa at der Führer ikkje kjem den ettermiddagen. Hanfstaengel fortel lite annleis om denne historia. I hans verkelegheit ringde han etter Hitler under middagen, fekk ikkje tak i han, men oppdaga seinare at han stod på gata utafor og tok farvel med ein partikamerat. Igjen freista han å overtala Hitler til å komma inn og helsa på Churchill, men måtte gi seg.

Ingen av oss veit kva ikkje-hendingar betyr for verdshistoria. Kontrafaktisk historieskriving er nett det, kontrafaktisk, men kanskje kunne Churchill tenka seg ein allianse mot Sovjet om Hitler hadde teke i mot handa hans. Då hadde verda vert annleis.

Kjelder:

Hanfstaengel E. Den ukjente Hitler. s. 198-203. Dreyers forlag, Oslo 1972.

Churchill WS. Fra krig til krig 1919-1939. s. 79-80. Cappelens forlag, Oslo 1949.

Legg igjen en kommentar