
«EIN DAU FIENDE ER IKKJE EIN FIENDE LENGER». Om lag slik ordla skipspresten Roland Faulk seg på USS Missouri den 12. april 1945. Same dag Franklin D. Roosevelt døydde, men det var ikkje han dette handla om. Presten hadde vendt seg mot nokre av sjøfolka om bord på Missouri. Dei tykte ikkje det var rett å gje ein militær salutt og seremoni for den japanske sjølvmordsflygaren som låg daud på dekket etter eit mislukka åtak dagen føre.
Flygaren var den 19 år gamle Setsuo Ishino. Klokka 14.42 den 11.april råka Setsuo Ishino styrbord side av slagskipet. Piloten hadde lege knapt 6 meter over havflata mens han styrde flyet mot skipet. Delar av flyet og kroppen til piloten blei liggjande på dekket. Brannen som oppstod vart slekt på nokre minutt. Skadane på skipet vart minimale. Restane av flygaren vart lagt på sjukestua om bord. Det var no skipsjefen bestemde at Ishino skulle gravleggjast på havet under militær honnør.
Tradisjonen tro skulle den daude senkas i havet i heimlandets flagg, men noko japansk flagg hadde ein ikkje om bord på USS Missouri. Det var då ein båtsmann tok tak i nokre signalflagg, kutta dei opp og sydde eit japansk symbol av den stigande sola. Og dagen etter vart Setsuo Ishino senka i havet dekt av eit japansk flagg. Det var heider åt ein fiende som hadde gjort det beste han kunne, og ofra livet for landet sitt. Sa sjefen for USS Missouri, kommandørkaptein William M. Callaghan.
Åtaket hadde starta med at 16 jagerflygare tok av frå basen ved Kanoya på det japanske hovudlandet den 11. april 1945. Dette var ti dagar etter at slaget om Okinawa hadde byrja, og vel ein time seinare registrerte radaren på USS Missouri at eitt fly, truleg eit A6M Zero jagarfly, var på veg mot skipet. Antiluftskyts til tross klarte piloten å halda flyet på kursen mot skipet, men som åtak var det mislukka. Bomba på 250 kg eksploderte ikkje og fell i havet til saman med delar av flyet.
Piloten som råka USS Missouri hadde ikkje noko ID kort på seg, og namnet hans var ikkje kjent då han vart senka i havet. Men no, 70 år seinare har militærhistorikarar frå Japan og USA kartlagt hendinga og gjeve namn til den ukjende flygaren. Setsuo Ishino var ein av nesten 4000 japanske sjølvmordsflygare, eller Kamikazepilotar. Tanken om at ein pilot skulle ofra seg på ein flygande bombe eller torpedo kom opp i oktober 1944. Det var då ein forsto at Japan ikkje makta å slå ut den amerikanske flåten fort nok. I USA produserte dei nye skip på løypande band. Kamikaze var den gudommelege vinden som ein håpa på i slaget mot industrimakta USA. Namnet kjem frå kampen mot Kublai Khans freistnad på invasjon i 1274 og 1281. Flåten hans vart stogga av orkanar. Det tolka ein som teikn frå himmelen, ein guddommeleg vind. I røynda heitte Kamikazevåpnet «særskilt åtak eining», eller kortforma Tokko Tai.
No, i våre dagar, har ein freista å få fram eit bilete av desse flygarane. Kven var dei? Dei var unge, ikkje så erfarne som pilotar, men medvetne om kva som låg framføre. Dei skreiv avskilsbrev til kjærester og foreldra. Her helsar dei sine og ber dei leva vidare, einstaka skriv at dei går i dauden med eit smil. Andre listar opp bøker dei skulle ha lese før dei døydde eller målerier dei skulle ha sett, som til dømes Raphaels Madonna og barnet. Nokre av breva finns kvar på Fredsmuseet i Chiran, der også mange av pilotane starta si siste ferd. Eigedelar og andre artefakter frå dette museet er for tida utstilt om bord på USS Missouri i Pearl Harbor, for å minna oss om ein håplaus innsats når alt anna var tapt, men også eit augneblink av respekt og vørdnad. Ein daud fiende var ikkje lenger ein fiende.
USS Missouri skulle spela ei anna rolle nokre månader seinare. Det var her om bord japanske offiserar på vegne av keisaren den 2. september 1945 skreiv under på dokumenta som sikra Japans endelege kapitulasjon. Men mellom 11. april og 2. september skulle fleire hundre tusen døy føre general Douglas MacArthur kunne halda si tale, der han byrja med å seia at det var hans ”earnest hope—indeed the hope of all mankind—that from this solemn occasion a better world shall emerge out of the blood and carnage of the past, a world founded upon faith and understanding, a world dedicated to the dignity of man and the fulfillment of his most cherished wish for freedom, tolerance, and justice”.
No er dette snart 80 år sia.
Fin historia. Jag läser den som att det handlar om respekt, även för en fiende. Nu var han död. Kan vi av det lära oss att vi kan respektera fiender och till och med meningsmotståndare även när de är i livet? En förhoppning.
LikerLiker