Kjære lesarar,
Frå no av vil de merke at eg skriv på nynorsk. Det har fleire grunnar. Den viktigaste er kanskje personleg: farfar min var aktiv i Mållaget, og eg har vakse opp med eit medvit om at språket vårt ikkje berre er eit reiskap, men òg ein arv. Eg likar klangen, rytmen og uttrykkskrafta i nynorsk. Utan nynorsk hadde Noreg vore fattigare, både kulturelt og åndeleg.
Samtidig er språk eit val som kan peike på noko meir. Teksten eg no deler har vandra den lange vegen gjennom refusjonar – også hos Dag og Tid. Kanskje er det òg ein del av forklaringa på kvifor eg vel nynorsk no: eg vil skrive på ein måte som gjev rom for det uventa, for tankar som ikkje så lett finn veg til prent.
Det som følgjer, er ikkje eit teologisk resonnement, men refleksjonar om kvifor eit paveval kan få tyding også for eit sekulært menneske.
Pulsen, pavevalet og det sekulære mennesket
Pavevalet kan synast å høyre kyrkja til, langt borte frå det sekulære Noreg. Likevel peikar det mot tema som òg pregar vår offentlege samtale: autoritet, tillit og kva vi meiner det er å leve rett.
Vi lever i ei tid der vi måler alt frå kolesterol til blodtrykk, men kva er det vi manglar? Kva skjer med det moralske mennesket når religionen forsvinn – og vi står att med helsetal og tilpassing som einaste kompass?
Verda følgde valet av ny pave som eit globalt drama. Tusenvis stod på Petersplassen i stille forventning og stirde på skorsteinen. Ville røyken vere kvit eller svart? Påfallande mange – også sekulære og ikkje-truande – let seg gripe. Ikkje fordi vi venta noko personleg gjennomgripande, men fordi ritualet peikte mot noko som kjendes både arkaisk og djupt menneskeleg: eit fellesskap kring det vi ikkje kan måle, men som likevel tyder noko.
Kontrasten til kvardagen kunne knapt vore større. Vi lever i eit samfunn som har utvikla ei finmaska kontroll over kroppen: Vi måler puls, kolesterol, blodtrykk og BMI. Vi tel steg og kaloriar, og snakkar om helsa som om ho er sjølve meininga. Og kanskje er ho nettopp det – i fråveret av noko anna.
I den sekulære røyndomen er det ikkje lenger Gud som ser oss – det er pulsklokka. Vi har bytt frelsa til sjela med elastisiteten i årene. Vi søkjer tryggleik i det som kan regulerast og optimerast, og det gir ei form for meining. Men samstundes har vi kanskje mista noko av det som tidlegare heldt liva våre saman: ei overordna forteljing – eller berre det enkle faktum at vi kunne erkjenne skuld utan å måtte forklare henne psykologisk eller medisinsk.
Kvar vart det av samvitet?
Det stiller framleis spørsmål – men vi har eit fattigare språk for å svare. Når nokon i dag opplever skuld, vert det ofte omsett til «ubehag», «grenseløyse» eller «dårleg sjølvregulering». Men samvitet, i si eigentlege meining, handlar ikkje om psykisk velvære. Det handlar om etisk forplikting. Og det er nett denne forpliktinga som vert utfordra når vi i vår tid ser krig og liding skje tett på, som i Gaza, der millionar lever under trugsmål om utsletting. Korleis kan vi forstå og handle i møte med slik urett, når det kollektive moralske språket er i ferd med å smuldre bort? Når skuld, ansvar og medkjensle druknar i politiske omsyn og frykt for eigne posisjonar, står samvitet i fare for å bli ei stilt stemme – eit rop som ikkje lenger vert høyrt.
Kvar kjem denne kjensla frå?
Er samvitet berre lært – eller ligg det djupare? Evolusjonsbiologisk finst det gode grunnar til at sosiale artar utviklar indre regulatorar: skuldkjensle, empati, sans for rettferd. Dei held flokken saman og aukar sjansen for å overleve. Moderne nevrovitskap viser at moralske vurderingar aktiverer bestemte område i hjernen, som prefrontal cortex og amygdala. Sjølv små born viser teikn til anger før dei har lært moralske reglar.
Men like viktig er den kulturelle forma: Kva vi kjenner skuld for, varierer mellom samfunn. Det betyr at samvitet både er ei medfødd evne og ei tolking – vi lærer korleis det skal uttrykkjast, og kva det skal reagere på.
Eg tenkjer på biene. Dei veit instinktivt korleis kuben skal byggjast før dei flyg – men ferdigheita vert verkeleggjort i samspel. Kanskje er det slik også med menneskets moralske evner: Dei må vekkast, formast, forståast – i eit fellesskap som trur på noko større enn summen av enkeltmenneska.
Når vi erstattar det kollektive med det individuelt målbare, og etikken med helsedisiplin, står vi i fare for å redusere samvitet til støy. Ikkje fordi vi blir dårlegare menneske, men fordi vi manglar rommet og språket for det ubehagelege og det heilage. Vi gjer det som er «bra for oss», men veit ikkje lenger kva som er rett.
Tidlegare i år skreiv den russisk-amerikanske journalisten Masha Gessen i New York Times om korleis det amerikanske demokratiet gradvis tilpassar seg autoritære tendensar – også under frykt og protest. Vi bøyer oss, skriv ho, ikkje fordi vi er einige, men fordi det er slik ein overlever. Vi handlar i strid med vårt eige samvit – og lærer oss å tole det. Det minner oss om kor sårbar denne indre stemmen er når ho ikkje vert støtta av eit fellesskap og eit språk for motstand.
Eit samfunn utan religion treng ikkje vere tomt. Men det må spørje seg kva som skal fylle tomrommet som oppstår når det heilage forsvinn. Klok forvalting av kropp og helse er inga uviktig verdi – men ho kan ikkje åleine gi svar på skuld, tilgjeving og rettferd.
Pavens røyk signaliserer framleis noko. Ikkje nødvendigvis Guds vilje – men at mennesket lengtar etter å høyre til i noko større. I det minste: å stå til ansvar for meir enn sin eigen puls.
Så enig !
LikerLiker
nydelig skrevet, Dag!!🥰
LikerLiker